![]() |
![]() |
|
Jubileumsåret 2006 Av Idrettslaget Alvidra
, 17.10.06
Gratulerer alle i Alversund med jubileumsåret 2006 Idrettslaget Alvidra er 75 år i år(2006). Det er lenge siden ungdommen i Alversund tok friidretten ut av ungdomslagsregi og inn i idrettsforbundet. Dei første åra var det løping og friidrett som var aktiviteten, dei årlege konkuransane mot Seim var sikkert sesongens høgdepunkt. Men uten anlegg og kapital til dette vart det ikkje mykje rom for vekst, aktiviteten låg derfor nede fra etter krigen og fram til nyinnflytta ildsjeler, sette igang ny aktivitet. Ivar Os var ein sentral person i dette arbeidet. Det var og han som starta med volleyballtrening i Alversund. Denne interessa tok han med seg frå Nordfjord der han kjem ifrå. Volleyball er vel den idretten som Alvidra har hevda seg best i gjennom alle år. Alvidrastaffeten var i mange år starten på friidrettssesongen i Bergensområdet, alle dei beste var med. Alvidra var gode på løping. Her må ein hugse på Atle Fosse og Grete Fosse sine utmerka prestasjoner på nasjonalt nivå . Turngruppa har og vore svært god i Alvidra, med gode resultat i fleire år. Fotball vart det og på 70 tallet. Fotball er no den største aktiviteten i laget, med over 200 aktive spillere fra 6 til 12 år. Her er det og utøvere som er verdt å nevne som starta i Alvidra. Først Ingrid Camilla Fosse Sætre som i ei årrekke har spelt i toppserien for Arna Bjørnar, og på det norske damelandslaget. På herresida har vi no Alexander Sellevold som i år har spelt Addecoligafotball for Løv Ham. Alvidra`s flaggskip i alle år, har vore og er idrettsskulen for born frå 1. til 7. klasse. Her får ungane ei brei og god innføring i kva forskjellige idretter som finns. Allsidighet er nøkkelen til suksess. God aktivitet er det og i orinteringsgruppa, som har driftige folk som holder hjula igang. Skigruppa har holdt koken i mange år. I jubileumsåret vant Alvidra Lindåsmesterskapet på ski, mest poeng og flest deltakere. Siste helga i februar må vi mobilisere for også å vinne i 2007. Siste tilskudd i Alvidra er ungdomsgruppa. Her kan ungdommer fra 15-20 år møtast annankvar fredag i gymsalen på Alversund Skule. Her spelar dei innebandy, volleyball, fotball, bordtennis, kort, data og ser film på storskjerm.
|
|